Sølvrusto

Sølvrusteløypa

Om turen

Gradering            Enkel

Lengde                4,3 Km

Varighet              1 time 30 minutter

 

Beskrivelse

Parker på parkeringsplassen ved fylkesveg 542 ovenfor Siggjarvåg. Gå vegen mot Siggjarvåg ca 100meter, så til høgre gjennom tunnellen under fylkesvegen. Følg oppmerka veg/sti.

Stien går forbi Nyastemmo, som tidlegare var sag og mølle. Utsiktspunkt mot Finnåsvatnet frå toppen av Sølvrusteklubben. Stien går tilbake over Laksakaret mellom Finnåsvatnet og Holmedalsvatnet.


Kabbrettedalen: Dette er eit svært gammalt namn som kan ha fleire tydingar.
Kabbretta er den grumsete, brunfarga vellingen ein får når ein kokar brunost av myse. I dette området er det mange myrar og tjørn som har bekkar ned til Holmedalsvatnet. I desse myrane er det myrmalm som har omlag samme fargen som kabbretta. Dette kan gje grunnlag for namnet.

Ei anna tyding kan vera kabb eller kubbe i tydinga kort eller breivaksen. Kabbrettedalen kan då rett og slett bety den korte, rette dalen.


Nyastemmo: Ei stemme er det samme som ein demning.
Tidlegare hadde mange gardar eigne sager og kverner som blei drivne av flaumvatnet om hausten. I bekken som går frå Sætravatnet ned til Holmedalsvatnet har Sætre-garden hatt si kvern/sag. I søre delen av Sætravatnet er det restar etter ei oppdemming. Lenger ned finn me Nyastemmo. Ved hjelp av to demningar kunne dei meir effektivt regulera flaumvatnet om hausten til saging av tømmer og maling av korn. Det er enno litt restar etter eit kvernhus nedanfor Nyastemmo.


Sølvrusteklubben: Me har gjeve rundløypa namn etter åsryggen Sølvrusto.
Rust tyder ein skogkledd åsrygg med skråning til begge sider. Sølv kjem truleg av at dei har funne kråkesølv i området, eller kanskje av fargen på åsen ein solskinsmorgon. På toppen av Sølvrusteklubben (98 m. o. h.) har Gutta på tur laga til ein rasteplass. Det er litt bratt opp hit, men til gjengjeld får du fint utsyn til mange kantar. 


Laksakaret: Holmedalsvatnet og Finnåsvatnet ligg om lag 25 m høgare enn sjøen i Finnåsvika. Det smale eidet mellom dei to vatna heiter frå gammalt Laksakaret. Namnet fortel oss at det har vore fanga laks i Finnåsvatnet og Holmedalsvatnet i eldre tider. Kar tyder nok i denne samanhengen ei oppdemming. Her var det demt opp og sett ut ein fangstreiskap, truleg ei merd eller ei ruse for å fanga laks og sjøaure som kom opp frå sjøen. Så har dei truleg prøvd å jaga fisken inn i den oppsette fangstreidskapen.

Fra dugnad 16. Mai 2019. Brua er nesten ferdig.

Fra dugnad 24. September 2020.