Gutta På Tur Bømlo
Om turen:
Gradering Enkel
Lengde 4,9 Km
Varighet ca. 2 time
Beskrivelse:
Brømsund ligg vest mot havet. Rundtur.
Parkering på kaien i Melingsvågen. Herifrå går ein eit stykke tilbake langs hovedvegen til ein ser tur-skiltinga på høgre side, så føl ein den vidare.
Turen passar for alle. Det er grusveg i starten og så enkel sti.
Ute ved Brømsundet er det ei lita høgde ein går opp på til ein rastebenk. Går ein ned til venstre er det eit lite skilt med info om eit skipsforlis, og enno lengre ned kan ein finna både små og store jettegryter.
I Brømsund var det et skipsforlis i 1928. Nedenfor er et utdrag frå "Skipsforliset i Brømsund, 1928" slik det er gjengitt på "Ut.no":
Fartøyet sitt navn "MARTHA" bygd på Lista i år 1908. Opprinneleg sua seglskøyte av tre, seinare motorskøyte. Ombygd fleire gonger, fleire eigarar. Lengde: 40 fot, breidde: 14 fot, dybde: 6 fot. Wichmann 12 hk.
Årskifte 1927/1928 kjøpte Erik Korsnes skøyta som deretter fekk ein kort, men dramatisk skjebne. På Kruneneset på Goddo var 4 år gamle Sverre Laurits blitt alvorleg sjuk. Far til barnet var på vintersildfiske, og det var mora Bertha Severine Kvarven som fekk Erik Korsnes til å føra dei til lege på Finnås. Bestefar til barnet Sæbjørn Krunenes og Årstein Hillesøy var og med på turen. På veg inn Brømsundet gjekk dei tomme for solar. Årstein hoppa i ein robåt å prøvde å få skøyta i sikkerhet. Men brakk eine åra. Skøyta rak mot eit skjer og var i ferd med og bli knust då Sæbjørn og Bertha blei skylt på sjøen. Med eit tau frå land skulle Årstein hala dei to siste om bord gjennom sjøen då mastra brakk, og Erik og Sverre Laurits fekk den over seg og forsvann i sjøen. Lika av Sverre, Bertha vart funne. Av dei 5 om bord var det berre Årstein som overlevde dette forliset, som er eit av dei mest tragiske i Bremnes si historie. Motoren vart tatt opp og solgt til Kristian Steinsbø Trelasthandel, og brukt som driftsmotor i Urangsvåg i mange år. Frå: Skipsforlis, frå Bømmlahuk til Holmengrå, E. Bakkevik.
Mer info om ulykken på Facebook siden: Du veit du er i frå Bømlo.
Copyright © All Rights Reserved
Våre sponsorer: